Fakta
factboxpic

Fakta om Nepal

Hovedstad: Kathmandu
Befolkning: 29,89 millioner
Antall barn per 1000 levendefødte som dør før fylte ett år: 43
Forventet levealder: 68 år for kvinner og 65 år for menn

Les mer om Nepal på Wikipedia >

Landsbyutvikling i Timure Khaidi

Tekst: Bistand For Barn // Dato: 05-02-2013

Ønskjer du å hjelpe Dodi til eit betre liv i fjella i Nepal? Borna i desse landsbyane treng utdanning, hjelp til å skaffe reint vatn, gode sanitære løysingar og hjelp til å starte næringsverksemd. Over 1000 menneske nyt godt av arbeidet som blir gjort i desse landsbyane.

Timure Khaidi er eit utviklingsprosjekt i tre små landsbyar i Himalaya. Bistand for barn samarbeider med kvinnegruppa Bhumo Tsykopsa, ein frivillig organisasjon (NGO, non-governmental organization) som gjennom allmøte i landsbyane bestemmer kva oppgåver som skal prioriterast. Prosjektet er støtta av Norad, og har vore det sidan 2009.  

Utvikling

Bistandsprosjektet arbeider i dei tre landsbyane Timure, Khaidi og Ghattekula i Annapurna-området av Himalaya i Nepal. Fram til no har ein arbeidd for å dekke primærbehova; reint vatn og gode sanitære forhold. Vidare er det arbeidd for at alle skal kunne lese og skrive, samt etablering av ein trekking sti opp til ca. 5500 m.o.h., etablering av overnatting og serveringsverksemder knytt til turisme. Ein del mikrokreditt tiltak er også sett i verk, med godt resultat.

Hjelpeprosjektet starta i liten skala i 2002. Etter Norad godkjenning og medverknad sidan 2009 har aktiviteten i landsbyane skote fart. Prosjektet sitt ønske er at landsbyane skal kunne tilby skulegang til alle borna, bli sjølvforsynt med reint vatn, ha gode toalettforhold, og kunne drive næringsverksemd knytt opp til turisme og trekking. For å få dette til, er det viktig at Norad held fram med å støtte prosjektet og at frivillige gjevarar vil halde fram med si hjelp.

Prosjektledere

Prosjektet drives av frivillig prosjektledere Steinar og Sissel Brekke. Ta gjerne kontakt med Steinar på e-post: nep-02@adopsjonsforum.no

Støtte

Ønskjer du å engasjere deg i dette prosjektet? Då kan du bli fast gjevar, eller gje ein eingongsdonasjon på konto nummer: 3705.05.10175. Støtta går uavkorta til prosjektet i Nepal.

Del med andre: